lørdag 5. januar 2008

eit nytt år


Vi er på full fart i eit nytt år, tenk heilt ubrukt og det berre kjem av seg sjølv...........

I dag har vi hatt den årlege juletrefesten i Grendahuset, og eg trur det er minst 35 år sia vi starta opp samarbeidet mellom Grannelaget og Søndagskulen om denne festen. nokre år måtte vi leige bedehuset ,men no har vi Kletten Grendahus som vi har mykje glede av i grenda vår.

Julefesten går nesten av seg sjølv , programmet etter same lest kvart år, men like kjekt for det.Første åra tok vi orgelet med oss ,no har grendahuset eige instrument , stor forandring til det bedre.

Det hadde så nær ikkje blitt fest i år, men då var det ei bestemor som sa: eg kan ikkje sjå barnebarna inn i auga og seie at det ikkje blir julefest i år, og fest vart det. Det handler om og føre tradisjonane vidare, og la barnebarna få oppleve noko av det beste frå vår barndom.

Jule og nyårshelg har vore idiell , mykje samvær med barn og barnebarn, og det er ein fryd å sjå og høyre kor kjekt søskenbarna har det i lag. Eg håper det blir gode juleminner og ta med for dei.

Vi har og fått med eit godt, gamaldags julegjestebod i Dale , men middag til over 20, mange unger og 3 hunder. Då føler eg at eg er litt tilbake i min barndoms jul.

Av nyårsforsett er det heller lite, men eg har endeleg fått til og lage potetkaker ,så 2008 blir kansje eit potetkakens år her i huset. Det er no fleire i slekta som liker det.... kansje dei les bloggen så .....

Tradisjonen tru så er det 20 .dag jul, altså 13. januar julepynt skal pakkast vekk. 20. dag Knut jaga jula ut, sa vi heime. Då var det pinnekjøt til middag og vi ongane gjekk rundt eit juletre som nesten ikkje var nåler att på. Men kva gjorde det då , 5 veker så kom sola att, alltid noko å glede seg til.

Ellers så er det eit spesielt år i år ,mor blir 100 år og familien skal samlast for og markere det i sommar. Det er vel for fantastisk til at eg skjønar det ,flott å ha ei så frisk og rask mor i ein så høg alder. Ho ser fram til nokre dager " avlastning" på aldersheimen når vi skal i bryllaup.

"Kansje eg kan hjelpe dei litt, dei har det så travelt ", seier ho.

Håper eg har arva nokre gener......

Godt nytt år med eller uten potetkaker!