fredag 27. juni 2008

Den 7.landeplage og motsett
















Jau så sanneleg , sola titta fram her ein dag, og eg var kjapp og få opp terassedøra, fekk solstolen på plass og hadde nett fått sett meg godt tilrette, då skjedde det igjen, Den 7. landeplaga og titta fram og starta. Og kan de tenkje dåkke noko verre enn to,2,altså to kantklippare av den mest illsinte sorten. Eg har trua med og kløppe av ledningen, kansje det blir neste solegløtt......






Så var det det motsette og den heiter Copper og er nett ferdig med helgavasken, det er travelt det når ein skal springe etter moppen både høgt og lågt. Han måtte iallefall kvile etterpå.
Ellers elska han å gå på Kletten, helst før frukost og er den som desidert synest det er mest morro av oss når han kryp ned i det små beddet på terassen og kjem seg heilt under platningen. Kansje det er fordi han får bade etterpå.....

Som du ser har han vindusplass, det er ifølge togreisande den mest ettetrakta plassen, han bruker same bøkene som Sondre står på når han skal sjå ut.



15 gr gjer at vi faktisk fortsatt " trur på sommaren".
Ellers tek eg mot reprasjon på datamaskiner etter ferien,vår vart heilt fin når eg skrudde av og på igjen idet er sa. DU SKAL FÅ EIN SJANGSE TIL den forsto nok det.

Vi ynskje fortsatt GOD FERIE og Copper trengte vel en ferie han og........

Jonsok











Ja så har sola snudd og tradisjonen tru feirer vi det og tradisjonen tru silregna det,gradestokken synte 8 grader ( altså +) Men vi let oss ikkje skræme inn, vi kler på oss lager litt ekstra tak over hovudet ,fyrer på utepeisen, griller og storkoser oss, I år var vi 12 i talet + Copper, hunden som vi har i pensjon. Steinar kjøpte is med isbilen som kom ramlande forbi, bålet brann lystig til stor fryd for ongane og pølsene gjekk ned på høgkant. Jau Jonsokaftan vart det i år og , kansje set blir fint ver neste år, men det er vel sikraste og sikre seg tak over haud og venta på det tradisjonelle veret.

Natt i bokbyen


Eit lite eventyr for seg sjølv er det med ei natt med bøker m m . i Bokbyen Fjærland.

Gjenbruksbutikken stilte sjølvsagt opp, og i år hadde vi to stander, vi hadde både bøker og handarbeidde varer i ymse matrialer. Vi hadde tilogmed bjørn til salgs,sjølvsagt var det tro kopi av bjørnen som nett var felt, nettopp i Fjærland.

Det er fantastisk at ein kan samle så mykje bøker i ein by,inst i ein av våre fjorder og attpåtil så kjem det mykje folk for å kjøpe bøker ei slik natt og ellers utover sommaren, Det har blitt ein turistatraksjon i den vesle ,men så innhaldsrike bygda på fleire måtar.

Sjølv om regnet sila ned var humøret på topp, vi hadde tak over hovudet og det vart tent lys etterkvart som det vart litt skumring, men det var på sommarens lysaste og lengste natt.

Det dufta nysteikte vafler, kaffikoking og grillmat og med sang, musikk og opplesing vart det ein fulltreffer.

Vi takker for godt salg og for ei triveleg natt, fast bestemte på at her vil vi vere med neste boknatt og.

Bjørnen vart sjølvsagt kjøpt av ein frå Fjærland, og var ein kuroisitet i vårt vareutvalg denna gangen.

søndag 22. juni 2008

Flisespikkeri m m






No kan eg skryte av at eg har marmor fliser på kjøkkenet ( riktignok etter ein handel i vanvare)



men fint vart det og "flisgutten" med familie er reist på "øyhopping", vil tru dei kjem til og trakke litt på marmor fliser i løpet av ferien i Hellas.



Som byte har vi Copper igjen,ein triveleg halvvaksen hund som nok trudde opphaldet var med oppreidd seng............ God ferie og tusen takk for hjelpa.........

Gombekoking i tordenvær




Stemningsfullt var det rett og slett, og stå ute og koke gombe når det lynte og tordna, det vart mørkare og mørkare og til slutt braka det laust. Håper eg har klart og fanga inn litt av stemninga......... Gomba vart go den og bonden fekk smake den med dertilegnet dikt:
SLÅ VEKK MJØLKA, VAR KLAR BESKJED,
MEN FOR KONENE BONDEN IKKJE FEKK FRED.
NO HENTER DEI MJØLK I BØTTER OG SPANN
OG BONDEN HAR BLITT EIN HEDERSMANN.

fredag 20. juni 2008

Hundsrasta på krykker




Ja dei kan prøve kven som vil å gå med to krykker heilt inn på "Hundsrasta," det kan røyne på både her og der. Eg har ei tøff venninde eg som gjorde det sist søndg og det står det respekt av.


det var ein fin tur og med medbrakt niste vart det ei triveleg rast på "Hundsrasta" , takk for turen alle tre.

jubileum






Det er alltid noko og jubilere for., no skulemusikken 40 år.



Vi har bidrege med tre musikanter og no er det barnebarna sin tur. Det er flott å høyre på og sjå på, jubileumskonserten var av høg kvalitet såvitt eg kunne bedømme. Dei er heldige som får vere med det er sikkert, og heldige som har ei mor som står på for drillen som og var veldig flinke. Tusen takk for ein flott musikkdag..

rømmekolle


Snakk om nostalgi, den blomstrer som berre det i desse mjølketider.

Lunk melka ha i litt surmjølk og slå opp i skåler og legg noko over så det ikkje kolner så fort. eitpar dager og du har den herlegaste rømmekolle, strø lirr sukker på og nyt den .

fredag 13. juni 2008

kaktus


å bli tildelt kaktus er helst negativt, men eg vart og tildelt kaktus for mange år sia, nemleg av min svigerfar.

Han hadde i stova si kaktus av den gode gamle sorten og berre sjå kor fantastisk. plutseleg berre står den der med eit kunstverk av ein blomst og pryder vårt kjøkken . Så tusen takk for den kaktusen.........

tirsdag 10. juni 2008

Før og etter.....


Før og etter er eit velbrukt utrykk, men stortsett er det vel fornying av hårfrisyre og klær.

Denne gangen er det sofaen vår, 20 år gamal og velbrukt. Det var så stor skilnad før og etter rensing at eg måtte ta bilde. Og rensemetoden var rimeleg og rask.:

1 Herren i huset støvsuga sofaen grundig.

2 Fruen i huset vasker sofaen med zalo og salmiakk, bruk svamp ,og vasker over med reint lunka vatn.

4 Sofaen tørker i sol og vind.


Vår salong er som ny, velkomen til ein kaffikopp, men då må vi nok sitte i den andre sofaen for no er denne så rein at den er berre til utstilling....................

mandag 9. juni 2008

Ålfoten




Ålfoten har eg altid hatt eit begrep om. Besten hadde eit syskinbarn der som heitte Anders slik som besten. Dei hadde god kontakt desse to Andersane som var dobbeltsyskinbarn. Far hadde også mykje kontakt til Ålfoten, men det galt kraftutbygginga av Yksneelvane.
Søndag fekk eg sjå med eigne auge den gigantiske utbygginga som har vore til stor glede for hjelp for utviklinga av Sogn og Fjordane, ikkje minst den industrien som har hatt bruk for store mengder kraft. Vil anbefale dei som ikkje har vore der til å ta turen, ny fin veg, langt inn i den sereigne fjellheimen. Vegen vert snart avstengd for fri ferdsel.

Vertskapet Kari og Martines Vik, skuffa ikkje, servering av kaffi og kaker til fjells og rømmegraut nede i Vik, som er ei av perlene i Nordfjord.
Vi takker for ei flott oppleving.

mandag 2. juni 2008

Notbøting




Før bøtte vi både eitt og hitt ,men no er det lite med det


Det er upraktisk med store hol og serleg på ei kastenot. Fortvilande og kaste etter fisk og so er dei nesten på land , men så smett det ut holet og forsvinn.


Sist vi var på Yri tok vi nota med og no er den stoppa etter alle kunstens regler. Det kjem vel med alt ein har lært i oppvekten og lærdomen er framleis lett og bære.


Så håper vi på passe høgt vatn og fiskelukke neste gang vi skal kaste etter fisk på Oldevatnet.

ei livleg veke




Med tre unger + hund og medarbeidermøte for Gjenbruksbutikken var det livleg her mandag kveld. menyen var sveler og frukt, kort og godt. Utepeisen er god avlastning, likeeins Kletten, når det blir for kjedeleg.


Ellers har nokre gløgge lærarar kome på at Gjenbruksbutikken godt kan vere til litt hjelp i miljøfaget, og denne veka var to klasser på besøk. Det var " en lydhør " flokk , og vaflene eg hadde med gjekk ned på høgkant. her var iallefall ikkje ungane både "høgt og lågt", vi ynskjer fleire velkomen i butikken vår.
Også større elever har oppdaga oss, ein elev på vidaregåande vil skrive ei oppgåve om butikken.

Torsdagen var eg på Vassenden på Sandane i damebesøk, det er ikkje verst når ein har ein mann som tek over både hund bleieskift og attpåtil har energi til å ta ein tur på "Hundsrasta"så Mats fekk dukke seg litt.
Vi seier så mange takk til Mats og Frida for at de ville vere her nokre dager, det var såååååå kjekt.