lørdag 26. april 2008

Vår på garasjetaket......




Kan tru det er blomstring på garasjetaket vårt no, ville stemor , eg trur i tusental. Det er ein fryd å sjå og dei gjev oss verkeleg mykje glede.


Rolv har siste dagane hatt arbeidet sitt ved vedkløyvaren, og det var ikkje små kubber som måtte gje tapt for det kvasse øksebladet. Ein flott veddunge som vil varme godt til vinteren.


Altså mykje å glede seg over også denne veka og i morgon er det konfirmasjon til barnebarn nr tre.

Vår på garasjetaket .

mandag 21. april 2008

Middag i det fri.


Graut, sild og poteter, kan de tenkje noko meir høveleg middag å starte utesesongen med, ikkje vi. Det er så fantastisk når vi kan ta med middagen ut,steikehella plaserast på terassen og blomster sprett opp som av ingenting og uten at vi treng og gjere noko som helst.
Jau, vi går forhåpentlegvis ei varm og fin tid i møte. Regnet i fjor har rent vekk og dystre spådomar bryr vi oss ikkje om !! vi får ta det vi får av både sol og regn. ynskjer deg gode maidager.

Då tuntrea falt


Så måtte dei to store granene våre overende for motorsaga vart for skarp.

Dei har sin historie dei og: Andreas Hornnes ( i daglegtale nullen) kom med 6 granes på ca. 1,5 m som skulle bøte med livet for den nye vegen til Naustdal.)
Det lysna betrakteleg og det blir rikeleg ved til neste år og ser det ut for.
Skjorene flytte i full fart til naboen, klagande på at oppsigelsen på bopelen var altfor kort. Vi får tru dei får byggt seg nytt husvære i tide, det er nok ikkje i millionklassen, me det vigtigaste er at det er nøgde med det dei har, det gjeld forresten både skjorer og andre.
Det var ein solid arbeidsgjeng som de ser, her etterfyller dei energi som var brus og vafler.
Vi takker for hjelpa, bra jobba ! Bildet kjem seinare

Ein" bønestad."


Det vart ein heilt spesiell foreningsdag.

Det varAbraham og Katrine Hornnes som starta misjonsforeninga som no heite Hornnes Misjonsforening.Abraham hadde ein plass i skogen der han låg på kne og bad ,kvar dag.

Skuleborna kunne høyra han bad når dei gjekk forbi på veg til skulen. Ingvar, barnebarnet, var med oss og leita opp staden og han fortalde at der stod ein einebusk som bestefaren heldt rundt.
det viste godt etter armane hans kring busken.

Busken er sjølvsagt vekke ,men bøneplassen ligg der, no like i vegkanten. Vi hadde ei fin markering med flagg,påskeliljer og vafler som dei alltid hadde på forening.

"Ved Jesu føter ei stille stund", passa bra og lese, vi les fadervår og sang foreningsangen: Skriv deg Jesus på mitt hjerte, Den kunne Ingvar hugse at besteforeldrene sang og ,så den har nok fylgt foreninga i alle år. No står det att og ta vare på dette minnesmerke som tilsynelatnde ligg der usynleg men som nok har hatt stor betydning for Førdebygda. takk til dei som var med oss på foreninga denne dagen.

fredag 11. april 2008

Blåtur er in.


Blåturer er in fortida , og bitt av basillen reste NMS "Gjenbruksbutikk"sitt personale på Blåtur.


Då eg fann på det og planla det åleine gjekk sjølvsagt turen til vakre Nordfjord,"Panoramavegen",med si fantastiske utsikt fekk vi med før vi sette nærsagt utfor og ned i Randabygda. Gudsteneste ein stad der" ingen kunne tru at nokon kunne bu",stod det på invitasjonen, og mange var nok enige i det. Våren hadde gjordt sitt inntog langs fjorden og det var eit vakkert skue der vi spaserte på kyrkjeveg. Ung kvinneleg prest, heilt ny, og kyrkjekaffi sette eit fint preg på gudstenesta, og mange traff kjentfolk.


Vidare gjekk turen innover Fjelli der AlvO stod på verandaen og vinka, her var dekka på til kaffi som vi fekk servert til nista vår. No skulle vi sjå kor det går der" dugnadsånda er sterk som stål og gjenbruk er in" , og Alv fortalde om bygda, om dugnadsarbeidet som er inponerande. Eit triveleg innslag i matpausen var han "Arne på Bøna "som han går for i daglegtale, nytt kunstnarstipend hadde han og. Vi fekk bl.a. høyre kongeslåtten, som han har komponert .

Kulturen står i høgsete og ein av naboane, Vidar Bergset har gjev ut diktsamling og eg plokka ut og les diktet om og samle på smil.

Etter omvisning ,tur i hoppbakken og i Nordsida Kyrkje ( som var siste arbeidet far hadde) sette vi nasen rundt heile indre Nordfjord og landa på Misjonsheimen i Innvik, der fekk vi ein god middag. " i god misjonsånd med ny sang for maten"

Så var det siste post på programmet : " Min barndomsheim under grøne lia", I programmet sto " heimlege omgjevnader, der nostalgi er levebrød og naturen er som ein draum, ja det er det bokstaveleg tala. Etter omvisning i både hus og lade fekk vi servert kaffi og svele på " Brubakk", siste huset som er resraurert, der var familien min og tok imot oss.

Med god varme i stova og godt humør sang vi til vårens pris og slutta av vår " blåtur"som ikkje lenger var blå , men var blitt til eit godt minne som gjev oss kveik i kvardagsstrevet.

Takk for at eg fekk lov og planlegge og vere reiseleder, det er utruleg kva som går når ein berre prøver..... Ein stor takk til alle som så hjerteleg tok imot oss ,som det seg hør og bør på Nordfjordvis.