mandag 9. februar 2009

på Mosseshov


ja takka vere eit av våre nye vidunder datamaskina med div.tilbehør skulle laurdagskvelden vere redda m h t underholdning.

Som om ikkje det var nok stilte vi med heimelaga pizza, frukt og sjololade,

ja vi hadde tilogmed sprett på flaska med Hyllebærsaft som vi fekk av naboen til jul og som vi hadde spart til ei heilt spesiell anledning, snakk om helaften. Når to av deltakrane var av våre eigne tykte vi at vi var storheldige som skulle få nyte dette heime i vår eiga stove.

Alt klart i god tid, her skulle ikkje vi kome somlande inn i salen etter at alle hadde sett seg,vi ville ha med alt.

Så var det dette tekniske vidunder då, bilde var så bra, men så var det lyden då.Den var der altså ikkje og etter telefon til både eine og hin, skrudd på alt som tenkjast kan innsåg vi at pizzaen var til å kolne.

Vi måtte nok nyte det i stillheit,men vi fekk no sett dei to, såg tilogmed at Håvard var så fin på håret.

No håper vi berre at feilen låg i Moss og ikkje her heime, vi har hatt nok nederlag i dataverdenen.