søndag 31. august 2008

ferie

Vi har endeleg innvilga oss ei og ei halv veke ferie. Som vanleg gjekk turen austover til familien.
ei veke i Moss og der er som vanleg aktiviteten på topp, men det vart tid til familiekos, 4 årsfeiring, tur til Fredrikstad i Gamlebyen og besøk til ei barndomsvenninde. Vi var tilogmed på jeløyas høgaste topp, og sjølv om den ikkje han måle seg med Skåla i høgde var utsikyta upåklageleg. Så er vi i Tønsberg for ,ja den som visste kva gang. Vi har hatt utallige turer hit i over 50 år. Vi har ein samansveisa familie og det gjer seg ikkje sjølv, o kjekt har vi det ilag.
Ettermiddag går turen til lillebroren vår til bursdagsfeiring, det er ikkje s ofte det har klaffa så det skal bli kjekt.
Altså har vi det bra og vender nasn heim snart, utkvilt og opplagt, sjølvsagt........

mandag 18. august 2008

Ferietid







Det er lenge sia eg har meddelt noko på bloggen min no. Inga unnskyldning, men ferietid gjer at ein kjem litt ut av tralten.
Feiring av mor 100 år. 60 årsdag or 70 årsdag i fam. og bryllaup på Fløyen i Bergen , landsskytterstemne med overnatting må nok ta litt av skulda for skribentens ustabile holdning til dataarbeid.
"Skåla opp", vart ein kjempefin dag og Rolv skuffa ikkje ,i konkuranse med sen sjølv hadde han ein flott tur. familien var i år representert med 4 vaksne og 2 barn. Eg er stolt av dåkke.
Sist helg var hyttehelg med og vi fekk sjå at" blåbær er ikkje berre blåbær". Med to smårollinger som boltra seg i lyngen vart det ganske blått overalt, men pytt, pytt, det slits nok vekk med tid og stunder.



Snikkaren vår fekk opp bjelken som visstnok skal halde hytta oppe, det vart flott.
Ellers er vi såvisst komne tilbake til kvardagen, vaskemaskina sa takk for seg. Den første anskaffa vi oss i 1963. Sjølvsagt "Turnamat" ( heilautomatisk , same kor mykje ongane våre har sagt at den er halvautomatisk ). 2 stk same sort har vi slete ut, og eg er ikkje i tvil, eg ville satsa på maskin nr. 3 av same slaget dersom den var i handelen, men akk, den var vel for sterk for dagens forbrukersamfund som er prega av bruk og kast.
"Turnamaten "har fått sin behørlige takk, og ærleg talt, tårene var ikkje langt vekke når den måtte vike plass for den elegante nye maskina . Den følte seg nok nokså tilsidesatt som andre utslitne, velbrukte, same kor nyttige dei har vore i si glanstid.
Velkomen til den nye og takk for at vi har råd til å kjøpe ny............