fredag 12. desember 2008

Mor Mathilde , født på Os, 100 år.


Sidan sist eg var på lufta her har eg feira mor sin 100 årsdag. Eg veit vel ikkje heilt å forstå kor heldig eg er som har ei mor som er så gamal og så ung på same tid. Ho sa i eit intervju i anledning dagen at ho gleda seg over små ting ,ja ho har eit fantastisk godt humør,. Ho sa vidare at ein skal vere nøgd med det ein har og ta ein dag i gangen. Kryssord er ein god hobby, og ho er intresert i nye ting. Ho fekk mikrobølgeovn til jul eit år og sette seg straks til å studere bruksanvisningen, slå den du..... Vi har nok litt å lære om både trekk og bruk av ulltøy.

HURRA FOR MOR MATHILDE FØDT PÅ OS