mandag 5. januar 2009

Så er vi i full gang med år 2009,etterkvart slutter vi og seie "Godt Nyttår", det har rett og slett blitt for gamalt til at vi kan kalle det nytt etter berre ei veke.    Slik er det med ting vi anskaffa oss og ,det er ikkje lenge det er nytt, likevel det kan vere nyttig og det er noko heilt anna.
Etter jule og nyårsfeiring med ganske fullt hus er det no merkverdig stilt i huset. Husbonden slapper av med årets bokjulegåve, nyt snøen som endeleg er komen, antan til skigåing eller til å bruke snømåka på.
Eg starta med rydding i Gjenbruksbutikken.  Vi oppdager stadig at det er mange fordeler med
denslags butikk, berre tenk på "vareteljinga "som vi slepp ved årets start ,likeeins bestilling av varer. Dei kjem på døra og det er mange aktene når vi plutseleg lyt finne plass til ein stor salong og plassen er oppteken både av skap og skatoll.    
Julehandelen var upåklageleg,likeeins trivselen i butikken.  Kaffien og julekakene gjekk unna og mange av kvardagens problemer høyrdest ut til å finne si løysing i ei pratestund.
Utstillinga av Julekrybbe, som var nytt av året, var det positiv respons på , der var det stille og fredeleg i all førjulsstøyen.
No utvider vi lokala og snur oss meir mot elva Jølstra. Med ny gangveg, og ein minikafe trur vi at endå fleire vil oppdage den  innhaldsrike og trivelege butikken ved "elvebredden".

Godt nyttår med godt brukt frå Gjenbruksbutikken !