lørdag 8. desember 2007

den store konsertdagen


Konsert opp og konsert i mente kan vi seie etter dagens musisering.

Førjulstemning i Førdehuset med konsert av musikkskuleelevane, triveleg avbrekk i hektiske dager. Og sjølvsagt er vi som besteforeldre på tilhøyrerbenken. Med fem barnebarn som deltok var det ein fryd å sitte der, og litt kry må vi vel ha lov å vere sjølv om vi nok ikkje kan ta æra av detta. Dei er iallefall heldige som får lære og spele og synge ,håper dei vil glede mange med sine toner.

Så til kveldens fantastiske konsert med verket "Messias". Ei fullsett kyrkje med ei publikum som tydelegvis sette pris på det dei høyrde og det skulle berre mangle. Det er ikkje kvardagskost her på våre kanter . Flott at vi kan få det til her med litt lånte krefter.
Så tusen takk , håper det ikkje blir lenge til dei tek fatt på eit nytt verk.

Mor fekk bilett i 99 årspresang og sa ho aldri før har vore på slik stor konsert, det var fantastisk ,sa ho ,og vil på konsert igjen så snart høvet byr seg. Det må vere det ein kaller og leve livet.
I morgon reiser vi til Skei Hotell og feirer 99 årsdag. God Søndag.

torsdag 29. november 2007

Nostalgi og gjenbruk




Nostalgi og gjenbruk har ofte ein samanheng.


Med besøk av elever frå Firda vidaregåande skule vart det tur på loftet på leit etter klær og anna frå femti sekstitalet. Ein fullstappa sekk med klær vart resultatet, ein fullstappa sekk med minner ,nostalgi var det ja. Det snur seg så underleg til her i verda, men at mine heimesydde skjørt og "omstendighetskjoler" skulle gå til teateret på Firda, det hadde eg ikkje tenkt. Det må no vel ende med berømmelse av slike kostymer.


Bestefar sin parkas var heller ikkje å forakte, men ikkje som utkledning men til bruk. Fargen var visst den heilt rette og så den gjekk rett inn, og med onkel Torbjørn sine støvletter og onkel Håvard si bukse m sleng skulle vårt barnebarn vere bra kledd og skodd til dagens krav.
Lukke til med gjenbruken Fredrik !




lørdag 17. november 2007

Innbydelser og takk




Tradisjonen tru, litt ekstra vask på kjøkkenet må til når eg høyrer komentarer om at det er berre så mange veker att til jul. Behovet var så absolutt tilstades, ikkje minst under og bak kjøleskap og komfyr.


På vårt kjøkken har det lett for og samle seg så ymse,og blant anna ein bunke med kort. Eg tek fem minutt og set meg til å lese gjennom. Eg finn ut at eg kan dele dei i tre kategorier:
Innbydelser, takkekort og gratulasjoner. Nokre får eg litt tårer i auge av, andre lokka fram eit smil og nokre kjenner eg ei boblande glede over. Her er familie , venner, politikk, misjon, kort sagt kvardag og fest representert. i tillegg kjem telefoner ,handtrykk, smil ,klemmer og helsinger på anna vis.
I tillegg er eine sida på kjøleskapet dekka med tegninger ,avisutklipp og kort som barnebarn har laga. kunst så ekte som den kan bli. FOR EIN RIKDOM.
Eg tenkjer at uten alt dette hadde livet vore mykje " fattigare", og blir mint om den gamle tanta mi som eg ikkje har ringt til på lenge , om ei sjuk barndomsveninne eg skulle besøkt , om eit kort eg skulle sendt og ein nabo som eg gjerne ville be til middag ein dag,men det har liksom ikkje laga seg. Laga seg, tenkte eg , det er eg som skal lage det slik at eg får gjordt det, og det er ikkje snakk om tid, men om prioritering .
Eg tek ein telefon og inviterer ein nabo til kvelds, og vasken går mykje lettare, i morgon skal eg ta ein telefon til tanta mi, og så skal eg , ja det skal eg det........ God søndag!

onsdag 7. november 2007

Påvirkning og påvirkning


Det er så mange måter og påvirke på . Når Oldemor på 99 og Andreas på 4 set seg til middagsbordet går seibiffen unna og likeeins praten. Oldemor seier at dette er nydeleg middag og Andreas er enig. Dei er på bølgelengde desse to og har ingen problem med å forstå kvarandre. Skal oldemor overnatte så vil Andreas og , han bestilte like godt to netter.
I mangel på tannkost forsikra bestemor at eple gjer jobben like bra, noko som tydeleg fall i smak.
Det får bli foreldra si sak og overbevise om at tannkost må til når han kjem heimatt. Vi påvirker barnebarna antan vi vil eller ikkje, noko er vel bra.

Ellers så har Krfu i Sogn og fjordane fått ny leiar, Maria Brosvik, ikkje så overaskande, eg var nemleg med på fødselen då barnefaren var heime i fjøsen. Eg prøvda og påvirke det eg kunne, det har nok hjelpt..... Lukke til Maria !

søndag 28. oktober 2007

Misjonsveke


Så er veka omme, misjonsveka, har vi snakka om at det var denne veka, som starte med misjonsforeninga på Helsetunet og avslutta med den årlege " Misjonsmessa " på Kyrkjetunet.

Det har kvar dag vore stor aktivitet på NMS sin Gjenbruksbutikk, svært gledeleg.

Likevel må vi tenkje på at det er det jevne som tel mest, vi må ha misjon i tankane i kvardagen, misjon både heime og ute, vi kan ikke " kvile på laurbæra", som det heiter, men ei slik veke der ein står ilag og tek eit krafttak , gjev inspirasjon og vi får lyst til å forsette arbeidet.

Medlemane i foreningane blir etterkvart eldre og tilgang på unge er liten. Kansje nye arbeidsformer er tingen, arbeidet må jo forsette .....

På Misjonsmessa var "Knøttekoret" og sang , det er dei yngste i korbransjen.

Det var ei stolt bestemor som sat i salen og høyrde på sitt 4 år gamle barnebarn i eit kor på nærare 30 stk. Det mangla ikkje entusiasme i det unge koret og dei fekk behørig applaus frå fullsett sal.

Mykje flott handarbeid vart selt på messa, laga rundt om på bygdene, av flittige hender .

Allereide i mora er nok strikkepinner, heklenål, broderi og symaskin i aktivitet med tanke på neste basar eller messe. Det er så bra med alle desse som jobber i det stille... gleder meg til å prise varer på neste messe og til spenninga med å pakke ut varene som er komne inn.

Takk for taket denne gangen!

mandag 22. oktober 2007

Gjenbruk er inn.




I dag starta "Tekstilveka" i Gjenbruksbutikken vår, og det var pangstart. Ein halv time før butikken åpna var det køtendenser, tilogmed frå Nordfjord kom kunder som såg seg bruk i "nye" gamle duker. Butikken vrimla av folk i fleire timer og mange kom berande med armane fulle så du kunne tru dei hadde vore på klesnora og teke inn klær. Handbroderte duker gjekk sjølvsagt fyrst og ingen kikka på prisen, noko som heller ikkje var grunn til. Så billege varer med god kvalitet er ikkje kvardagskost sjølv på byens torg.


Kaffi og vafler gjekk unna for unna og praten gjekk livleg i "kaffikroken"vår.


Som butikkleiar var det ekstra kjekt i dag. Ideen med Tekstilveke vart nemleg møtt med stor skepsis då forslaget kom. Stemninga snudde litt etterkvart og utover dagen høyrde eg berre at dette var ein god ide. Vi er ofte redde for nye ting, den gamle tralten er så trygg så trygg, og til eldre vi blir desto verre og hive seg utpå.


Gjenbruk er inn og kaste er ut, idag var tre karer i sving og demonterte ein stor konteiner som skal plasserast på bosplassen til møbler som er for gode til å kaste.




Snakk om å hive seg utpå, men det har foreningsdamene i Hornnes Misjonsforening og gjordt.


Med utkledning og sang laga dei tablå og var i dag på Helsetunet og underheldt . Sprekt gjordt, fleire av dei er over 80 år , alder er ingen hindring når viljen og motet er der.


Summasumrum har det vore ein aktiv dag , godt og kome heim til ferdig middag, etter avtale med husbonden vert det slik denne veka. Spanande kva menyen vert i mora. God veke !

mandag 15. oktober 2007

Utvikling


Etter to dager med seminar om utviklingspolitikk,der målet skal vere ei meir rettferdig verden, vert mange av mine kvardagslege syssler heime så forunderleg annaleis. Tankane kretser stadig om tema som entusiasmiske foreleserer hadde ,som: "Sammenhengende politikk for en mer rettferdig verden". ved Gunnstein Instefjord som er leder i noko som heiter Utviklingsutvalget, breitt samansett, politisk og mange organisasjoner.
Sondre i utvikling

Han sa at det som vil ha størst konsekvenser for Norge ,av det dei jobber med, er klimaendringa og at vi må få større innvandring av ufaglært arbeidskraft og ikkje tappe fattige land for fagfolk

Eg har ikkje høyrt om dette utvalget før , det er positivt at det vert samarbeidd frå så mange kanter om viktige tema.

Oppgåvene verka uovervinnelege ,men så får vi høyre om alt som skjer , vi får ei brosjyre i handa frå Fredskorpset , og plutseleg var eg nesten ifrå Flora kommune. brosjyra fortel i bilde og tekst om Flora sitt samarbeid med ein kommune i Malawia. Dei har samarbeid på fleire område ,noko som har vore svært positivt for begge kommunane. For dette arbeidet fekk Flora i 2006 hedersbetegnelsen "Internasjonal kommune". Må medgje at eg sola meg litt i skrytet vår nobokommune fekk på seminaret. (Vi har no ikkje hatt så mykje anna sol så då så.)


Det er ikkje alltid det er det store arbeidet som når lengst. Tenk på alt det misjonerer med små midler har gjordt av utviklingsarbeid.

Eg reiser heim og er opplyfta over at "Gjenbruksbutikken" vår er eit ledd i dette arbeidet og med ei bestemors håp om at mine etterkomarar vil bidra til ei positiv utvikling av verdenssamfundet.



onsdag 26. september 2007

Frå plomeslang til Burma

Det var lovleg denne gangen ,vi forsynte oss rikeleg av plomer som sto klar for bakkefall. nydelege som berre plomer frå Utvik kan vere . det er utruleg kva ein kan sette til livs av slik frukt, dei forsvinn berre ei etter ei. Å ta noko frå andre var i min ungdom heilt uhørt, men plomeslang var i en kategori for seg. Det var mørkt om kvelden når plomene var på det beste og vi visste kor dei beste plomene var. Ikkje alle turde å ta ,men dei åt minst like mykje som dei modige " tjuvane", ja eg skriv det i hermetegn for vi rekna med at nokre av desse vart hengande att når innhaustinga var slutt. Ja vi har så mange unnskyldninger , både for plomeslang og anna.
I kveld fekk eg ikkje sett nyheitene og var spent på kor utviklinga var i Burma .Nettavisa har vel dette som sitt store oppslag tenkte eg , men tydelegvis er ikkje alle opptekne av det same som eg. Stort bilde av fotballtreneren til Stabekk: Han snakker skit, og var kraftig provosert, sto der. Ja , provosert det blir eg og av alt fotballstoff som etter mi meining tek overhand, og her er det jammen ikkje hjelp i å prate skit.
Det blit uansett bagateller å bli provosert av når vi ser frustrasjonen i Burma og at Aung San Suu Kyi sine tilhengere som kjemper for demonkrati igjen demonstrerer med livet som innsats.Lat oss både i kveldsbøn og morgonbøn be om ei fredeleg løysing og at folket må få eit demokratisk styre.

tirsdag 18. september 2007

Bruktbutikk og 50 årsfeiring


Ja som om det er noko samanheng mellom det då........

Siste veka har eg vore på møte med NMS Gjenbrukbutikker, 31 i talet spredt rundti landet.

Det er tydelegvis mykje brukt , meir eller mindre pent brukt, som folk ynskjer å kvitte seg med. Med innsats av frivillige ,mest kvinner, vert det brukte selt vidare og dette har blitt ein stor og viktig post i NMS sitt budsjett. Det er spennade og pakke opp varene vi får til butikken, mange har tydelegvis venta på at vi skulle få ein slik butikk.

Det blir innimellom morsomme episoder som ein sykkelhandel her ein dag.

Sykkelen hadde lenge blitt sett utfor døra kvar dag ,av plassmangel, det sto berre ein liten prislapp på.

Eg var der torsdagen og sykkelen sto der, kom att fredag ein time etter der var åpna, sykkelen var der. Eg bad dei sette ein stor lapp på med prisen på og at sykkelen er til salgs for no er eg så lei av å sjå på den. Det vart gjordt og om litt kom ei dame inn med lappen i handa og sa: "denne sykkelen kjøpte eg i går " Ho hadde kjøpt den rett før stengetid torsdag, så hadde ho vore inn til oss og handla først og tenkt at her står sykkelen tryggt mens eg går i posten. slikt kan skje når det er ny betjening kvar dag. Eg sa at for å få stor omsetning så prøver vi og selje varene to ganger.

NB:Det er berre Gjenbruksbutikker som kan gjere det.

Så til 50 årsfeiring av ei eg er tante til i Tønsberg, tenk invitere gamle tante , det fortel litt om jubilanten det. Dama har nemleg tid til alt ser det ut for ,pleier vennskap, naboskap og slektskap. Ho driv blomsterbutikk, har ein son i rullestol som bur heime, låser seg inn til naboen kl 7 kvar morgon og går en time luftetur med hunden. Besøker ofte ei gamal dame på gamleheimen, skriv lange julebrev til kreti og pleti. Har lært seg å spele piano og speler og syng i ei lita gruppe. Dette handler også om å bruke ,ho har så visst ikkje grave ned sitt talent, men bruker seg sjølv på ein fantastisk og kreativ måte til glede for sine medmennesker. Ja eg gløyme at ho her vore med i bystyret, og at ho sist sommer var på kurs for å lage sølvsmykker og er klar med ovn og det heile for å sette igang.

Men ho får mykje att : lånte dekketøy av naboen som kom med det og henta det dagen etterpå, brukt og ikkje vaska, til 60 stk. familie + ei veninne rydda og vaska til musikk av en svoger.

Det er dette som er livet og bruke seg sjølv og kvarandre. Helsing pent brukt bestemor

mandag 10. september 2007

Tytebær og valg


I år kan ein jamen med rette synge "Tytebæret oppå tuva". Etter og fått med prostens ord om å takke gjekk vegen i bærskog. Det var ein sann fornøyelse sjølv om eg var kliss våt , som den evige opptimist let eg regnkleda vere heime, altså ikkje berre positivt med å vere positiv.. er konklusjonen. Bøygd over den raude ,bugnande bærtuva følte eg ei sterk trong til å takke , ikkje berre for bæra men og for at eg var istand til å plokke dei. Kom til å tenkje på mitt nyttårsynskje for eitpar år sia, det var nemleg ar dei fire borna våre måtte bli glade i å plokke bær for å lage saft og syltetøy. Eg håper framleis.....det er no retteleg kjekt å dele ut av vårt overfylte lager og.....


Så var det dette valet då. Eg har litt vanskeleg for å forstå dei som synest det er så vanskeleg å bestemme seg, hadde dei no berre teke imot hjelp, skulle så gladeleg bestemt for dei eg.

Her eg set og får med resultata frå fjern og nær slår det meg at det nok er mange som ikkje veit sitt eige beste og at utakk framleis er verdens lønn, og då så må det bli som det vart.

Det undrar meg at ikkje fleire unge ser sitt samfundsansvar og stiller til valg, kansje er det forlite å kjempe for, det trengs iallefall kamp skal vi ta vare på verdier for neste generasjoner.

Eg stemte iallefall rett i år og ......

lørdag 14. juli 2007

Slekt og slikt


Sommarens store slektstreff var på Yrineset sist helg, 80 stk frå min bedre halvdel sin familiie

var samla. Vi starta med båt på Oldevatnet og ein kan vanskeleg tenkje seg noko finare ,blekstilt vatn og strålande sol. Det var grilling, fisking , bading og leik. Frå kl.13 til 004 var det visst nokre som heldt ut. Toner til gitar og sang lydde i den fine sommarkvelden, med breen i sikte langt der inn i dalen ,var det som ein draum å sitte på Yrineset denne kvelden.

Og stor takk til mi svigerinne som inviterte og betalte og svoger som spanderte båtturen.


Ellers er sommaren full av små slektstreff og meir eller mindre heldige påfunn.

Ein fin tur til Sykkylven sist søndag for å sjå i stova der bestemora vår voks opp. der var trauste fine tømmervegger slik dei var der då besta var lita, rart å tenkje på.........

På turen stoppa vi på Hellesylt og gløymde for ei stund det lause fjellet som stadig flytter på seg og skaper frykt for dei som bur der.

Vi var heldige og fekk både sjå og delvis dramatisert Per Gynt, fantastisk treskjeringsabeid, det må berre opplevast.


No går det i ferie heime ,fin tur til Bekkjavatnet i går, rekekalas i kveld i silande regn, men vi norboere let oss ikke jage i hus, vi strekkjer plast til tak over hove og leiter fram den høghalsa genseren. Reke er reke og skal etast ute.

Ferien går sin gang på godt og vondt, og når sola igjen titter fram kan vi iallefall kjenne den store forsjellen...... fortsatt god ferie!

torsdag 5. juli 2007

Ferien er starta og det til gangs og ganske typisk,.
Komne på Utvikfjellet med henger med fullt lass streika bilen.sjølvsagt lyste det noko illevarslande, eit eller anna med motoren var gale. etter fleire telefoner fekk vi grønt lys for å køyre videre . Men det enda med bergingsbil og bilen tilbake til Førde på verkstad.
No set eg her med ei eller anna sykje i kroppen og venta på at dei glupe repratører skal finne ut av det. Veit forresten ikkje om ein kan kalle dei repratører lenger , bilen er blitt så elektronisk, slik som alt anna i vår moderne verden.
Forresten så er vår matstove seld og fruen er i gang med å få nytt trekk på dei gamle stolane som skal gjere teneste heretter.
Vi har innlosert på Brubakk i Utvik, eit så nytt husvære at berre utvalde får bu det i sommar.
Det er eit prakrverk av min syster og svoger som har restaurert heile huset.
Dei kan skilte med bygdas beste utsikt, steiking av svelar på vedovn i kjelleren, verkeleg ein god atmosfære som gjev fred og ro.
Til helga er det storsamling i fam til min mann på Yrineset, ei anna perle i vårt fagre fylke.
Jau livet er fullt av overraskinger og opplevelser, det er stadig spanande å sjå kva som møter deg rundt neste sving på godt og vondt. Fortvil ikkje , det meste er luksusproblem.
GOD FERIE !

onsdag 4. juli 2007

Beklager.....

Skulle berre inn paa bloggen din og rette opp noko men det gjekk fryktelig gale. Trykte nok paa noko eg ikkje skulle og sletta heile skiten. Dette var veldig beklagelig for du er godt i gang. Men proev og legg inn t.d. det siste innlegget ein gong til saa skal eg proeve aa halde fingrane av fatet, i alle fall til eg er tilbake paa eit tastatur og eit spraak eg forstaar.
Oeyvind (Var det ikkje det de doeypte meg i hine haarde dagar?)