torsdag 31. desember 2009

aleneaften


Det er nyttårsaftan 2009 og faktisk 50 år sidan nyttårsaftan 1959 , då vi var nyforelska med stor trong for å vere for oss sjølve litt,då ville vi nok gjerne hatt ei nyårsafta åleine ,med berre oss to. Det skulle altså gå 50 år før det ynskje vart oppfyllt. No set vi her åleine i kveld og må berre medgje at vi har hatt så mange fantastiske nyttårsaftener, med små unger ,med store born med ungdomar med familie ellers og med gode vener. Vi har så visst ikkje vore åleine vi to, men så sant skal seiast så er det så vi kjenner den første forelskelsen frå den tid då vintrane var kalde, med knitrande snø og måneskin . Månen er den same, men det er no vi og ,når vi kjenner etter.
Jorunn og Rolv seier Godt nytt år og så hjarteleg takk til alle som har berika livet vårt på så ymse måtar i 2009

tirsdag 20. oktober 2009

flyttesjau......

I ordets rette forstand er vi midt i flyttesjau, og berre dei som har prøvd det veit kor det er. Men saken er det at vi er midt i to flyttesjauer då både Torbjørn med sine og Håvard med sine flytter i desse dager. det er ikkje småtteri som skal pakkast ned og pakkast opp, sorterast og leverast. Både Fretex og gjenbruksbutikkane nyt nok goder av slike flyttesjauer. det er no 40 år sia vi flytte frå Årdal med alt vi hadde av løsøre. Familien besto av to vaksne og tre barn, eg brukte ein dag på å pakke ned alt småtteri og Rolv tok med alt på ein liten lastebil. Med på lasset var alt vi trong om til sommer, vinter, fritid og fest. Eg kan ikkje hugse at vi hadde vesentlege mangler. Nei det var nok mykje bedre før ,det som så mykje anna, mindre å pakke ned, mindre å flytte ,mindre å pakke opp, mindre å kaste, men og mindre å gje vekk.
Vi har nok samla og samla i årenes løp for etterkvart som det har kome nye produkt så har vi jamen fått bruk for dei etterkvart,vi har iallefall trudd det........
Lukke til både i Førde og Moss med flytting i nye husvære, vi gleda oss med dåkke og er sjølvsagt stolte av "snekkergutane".
P/S no får de halde dåkke iro........

fredag 18. september 2009

jaktstart og 65+




Det er haust og jaktstart med helga på Tistamstøylen. Flott ver ,så kjærkome.
Fruen har vore på kurs for røynde bilførarar. Han som foreleste sa iallefall at dei som kom på kurs vanlegvis var dei som trong det minst, jaja, han kan no leve i den tru.

søndag 13. september 2009

kunngjeringer på kyrkjebakken


forige helg var det kyrkjejubileum for både den gamle og den nye kyrkja i Olden.
Den nye kyrkja var 75 år og det var litt spesielt for meg fordi far hadde laga preikestolen.

Etter gudstenesta i gamlekyrkja var det, som det var før i tida , kunngjeringer på kyrkjebakken.
Det slo meg at hadde det vore då kyrkja var ny( for 250 år sidan) hadde kunngjeringa vore omlag slik: Dei som no styrer landet vårt hev teke burt forkynning i skulen, salmar skal ikkje syngjast offentleg andre stader enn i kyrkja, bordbøna i barnehagane ( som ikkje var oppfunne)er ikkje lenger lovleg ,all kristendom skal styrast slik dei vil ha det.
Når vi no skal velja ny regjering må de alle stemme på dei som vil få innatt salmesong og bøner i opplæring for borna våre. Vi kan ikkje berre sjå på at landet vårt vert avkristna utan og gjera noko. Dette var den viktigaste kunngjeringa på kyrkjebakken søndag den sekste september det Herrens år totusenogni.
Gå no heim og syng salmar og be så lenge det er lov til det heime.

rekrutering



medbarnebarn er det alltid mykje spennande. Kva finn dei på ,kva lika dei, kva vil dei gjere på som unger og som vaksne.
Med mykje musikk i familien frå før var det i helga gledeleg og sjå og ikkje minst høyre Andreas 6 og Sondre 2 underhalde. venter spent på neste nummer og gleda meg over at det var Krf som kjempa gjennom musikkskulane i si tid.

mandag 24. august 2009

frå solnedgang til soloppgang


Frå solnedgang til soloppgang……….

Anno 1984 :

Sola stig på himmelen og det vert lysare for kvar dag. Snøen glitrer i ettermiddagssola som skin frå ein blå, skyfri himmel. To kvinner på ski , på veg til Gjøsetstøylen ,det er stille og fredelege i

naturen. Framme på støylen tek dei av seg skiene, set seg i solveggen og tek fram kvar si appelsin.

Dei to har mykje å prate om, dei er nemleg svært glade i same guten , den eine elska han som berre ei mor kan elske sitt barn, den andre elska han som berre ei nyforelska jente kan elske ein gut. Det blir ei samtale som berre dei to kan dele . Det er heller ingen andre som kan trenge inn i denne verda av følelser,som dei to har for denne guten. Den eine kjenner at det er som ho snart vil misse guten, det er ei anna som vil ta hennar plass, det kjennest sårt ,ja nesten som solnedgangen over Gjøsetstøylen. Skal tru om denne unge jenta som vil ta mor sin plass, bli ”førstedame” i livet til Øyvindgutten verkeleg veit kva det innebær av arbeid, plikter, oppofrelse,omsorg og ikkje minst ubetinga kjærleik?

Anno 2009:

Den forelska jenta ,Torunn, vart ”førstedame” i Øyvind sitt liv. Ho overtok arbeid,plikter,oppofrelse,omsorg og ubetinga kjærleik men ikkje som mor , men som ektemake. 25 år er gått sidan Torunn kom inni familien vår og ”solnedgangen” vart til ”soloppgang”. Det vart ikkje ein son mindre ,men ei dotter meir til stor glede for osss alle.

Vi takker for herlge dager på Antiparos ,takker for alle ”solnedganger” som vil gje oss ”soloppganger” med på vegen. Hjarteleg takk frå Jorunn og Rolv.

lørdag 25. april 2009

Basar

" Velkomen til basar for sikkert 15 gang", sa eg fredag.
I mi tid som leiar i Kletten Grendalag tok eg intinativ til denne basaren som no er åreviss i slutten av april.Dette er ein god gamaldags basar med årer av tre, egg og sild på sjevene,mykje fine gevinster og rikeleg godt humør.
Vi har vår eiga basarvise og fast pianist , trekkjar og muntrasjonsråd er Elgrim Fossheim, det må berre bli vellukka.
Mykje utstyr til huset er innkjøpt opp gjennom åra for basarpengane,
likevel trur eg det vigtigaste er miljøet og samhaldet den skaper i grenda vår, men huset er altfor lite, vi må vel klare eit påbygg når dei klarte å bygge operahus på Eid.
Posted by Picasa