torsdag 29. november 2007

Nostalgi og gjenbruk




Nostalgi og gjenbruk har ofte ein samanheng.


Med besøk av elever frå Firda vidaregåande skule vart det tur på loftet på leit etter klær og anna frå femti sekstitalet. Ein fullstappa sekk med klær vart resultatet, ein fullstappa sekk med minner ,nostalgi var det ja. Det snur seg så underleg til her i verda, men at mine heimesydde skjørt og "omstendighetskjoler" skulle gå til teateret på Firda, det hadde eg ikkje tenkt. Det må no vel ende med berømmelse av slike kostymer.


Bestefar sin parkas var heller ikkje å forakte, men ikkje som utkledning men til bruk. Fargen var visst den heilt rette og så den gjekk rett inn, og med onkel Torbjørn sine støvletter og onkel Håvard si bukse m sleng skulle vårt barnebarn vere bra kledd og skodd til dagens krav.
Lukke til med gjenbruken Fredrik !




lørdag 17. november 2007

Innbydelser og takk




Tradisjonen tru, litt ekstra vask på kjøkkenet må til når eg høyrer komentarer om at det er berre så mange veker att til jul. Behovet var så absolutt tilstades, ikkje minst under og bak kjøleskap og komfyr.


På vårt kjøkken har det lett for og samle seg så ymse,og blant anna ein bunke med kort. Eg tek fem minutt og set meg til å lese gjennom. Eg finn ut at eg kan dele dei i tre kategorier:
Innbydelser, takkekort og gratulasjoner. Nokre får eg litt tårer i auge av, andre lokka fram eit smil og nokre kjenner eg ei boblande glede over. Her er familie , venner, politikk, misjon, kort sagt kvardag og fest representert. i tillegg kjem telefoner ,handtrykk, smil ,klemmer og helsinger på anna vis.
I tillegg er eine sida på kjøleskapet dekka med tegninger ,avisutklipp og kort som barnebarn har laga. kunst så ekte som den kan bli. FOR EIN RIKDOM.
Eg tenkjer at uten alt dette hadde livet vore mykje " fattigare", og blir mint om den gamle tanta mi som eg ikkje har ringt til på lenge , om ei sjuk barndomsveninne eg skulle besøkt , om eit kort eg skulle sendt og ein nabo som eg gjerne ville be til middag ein dag,men det har liksom ikkje laga seg. Laga seg, tenkte eg , det er eg som skal lage det slik at eg får gjordt det, og det er ikkje snakk om tid, men om prioritering .
Eg tek ein telefon og inviterer ein nabo til kvelds, og vasken går mykje lettare, i morgon skal eg ta ein telefon til tanta mi, og så skal eg , ja det skal eg det........ God søndag!

onsdag 7. november 2007

Påvirkning og påvirkning


Det er så mange måter og påvirke på . Når Oldemor på 99 og Andreas på 4 set seg til middagsbordet går seibiffen unna og likeeins praten. Oldemor seier at dette er nydeleg middag og Andreas er enig. Dei er på bølgelengde desse to og har ingen problem med å forstå kvarandre. Skal oldemor overnatte så vil Andreas og , han bestilte like godt to netter.
I mangel på tannkost forsikra bestemor at eple gjer jobben like bra, noko som tydeleg fall i smak.
Det får bli foreldra si sak og overbevise om at tannkost må til når han kjem heimatt. Vi påvirker barnebarna antan vi vil eller ikkje, noko er vel bra.

Ellers så har Krfu i Sogn og fjordane fått ny leiar, Maria Brosvik, ikkje så overaskande, eg var nemleg med på fødselen då barnefaren var heime i fjøsen. Eg prøvda og påvirke det eg kunne, det har nok hjelpt..... Lukke til Maria !