fredag 11. april 2008

Blåtur er in.


Blåturer er in fortida , og bitt av basillen reste NMS "Gjenbruksbutikk"sitt personale på Blåtur.


Då eg fann på det og planla det åleine gjekk sjølvsagt turen til vakre Nordfjord,"Panoramavegen",med si fantastiske utsikt fekk vi med før vi sette nærsagt utfor og ned i Randabygda. Gudsteneste ein stad der" ingen kunne tru at nokon kunne bu",stod det på invitasjonen, og mange var nok enige i det. Våren hadde gjordt sitt inntog langs fjorden og det var eit vakkert skue der vi spaserte på kyrkjeveg. Ung kvinneleg prest, heilt ny, og kyrkjekaffi sette eit fint preg på gudstenesta, og mange traff kjentfolk.


Vidare gjekk turen innover Fjelli der AlvO stod på verandaen og vinka, her var dekka på til kaffi som vi fekk servert til nista vår. No skulle vi sjå kor det går der" dugnadsånda er sterk som stål og gjenbruk er in" , og Alv fortalde om bygda, om dugnadsarbeidet som er inponerande. Eit triveleg innslag i matpausen var han "Arne på Bøna "som han går for i daglegtale, nytt kunstnarstipend hadde han og. Vi fekk bl.a. høyre kongeslåtten, som han har komponert .

Kulturen står i høgsete og ein av naboane, Vidar Bergset har gjev ut diktsamling og eg plokka ut og les diktet om og samle på smil.

Etter omvisning ,tur i hoppbakken og i Nordsida Kyrkje ( som var siste arbeidet far hadde) sette vi nasen rundt heile indre Nordfjord og landa på Misjonsheimen i Innvik, der fekk vi ein god middag. " i god misjonsånd med ny sang for maten"

Så var det siste post på programmet : " Min barndomsheim under grøne lia", I programmet sto " heimlege omgjevnader, der nostalgi er levebrød og naturen er som ein draum, ja det er det bokstaveleg tala. Etter omvisning i både hus og lade fekk vi servert kaffi og svele på " Brubakk", siste huset som er resraurert, der var familien min og tok imot oss.

Med god varme i stova og godt humør sang vi til vårens pris og slutta av vår " blåtur"som ikkje lenger var blå , men var blitt til eit godt minne som gjev oss kveik i kvardagsstrevet.

Takk for at eg fekk lov og planlegge og vere reiseleder, det er utruleg kva som går når ein berre prøver..... Ein stor takk til alle som så hjerteleg tok imot oss ,som det seg hør og bør på Nordfjordvis.

Ingen kommentarer: