lørdag 25. april 2009

opera og sildesjau

Ja det må seiast at det er den gamle og den nye tid. Det ser ut til at dette godt kan kombinerast med nokre dagers mellomrom.
Fantastisk operahus på Nordfjordeid og flott framføring av Hårklau sin bortgøymde og bortgløymde opera. Den låg nok og venta på eit spesielt høve og det må ein seie at dette var. Gratulerer Kari m/ mange fleire.
Silda køyrde vi på retur om Ålfoten og Svelgen der Rolv er så heldig og ha eit syskinbarn som i heitaste sesongen hadde fyllt frysen med sild, og det var gibortpris i ordets rette forstand. No heng den til tørk, men snakk ikkje for høgt om det,men vi kjem nok til å ha klar kalde poteter framover.

Ingen kommentarer: