Ja det må seiast at det er den gamle og den nye tid. Det ser ut til at dette godt kan kombinerast med nokre dagers mellomrom.
Fantastisk operahus på Nordfjordeid og flott framføring av Hårklau sin bortgøymde og bortgløymde opera. Den låg nok og venta på eit spesielt høve og det må ein seie at dette var. Gratulerer Kari m/ mange fleire.
Silda køyrde vi på retur om Ålfoten og Svelgen der Rolv er så heldig og ha eit syskinbarn som i heitaste sesongen hadde fyllt frysen med sild, og det var gibortpris i ordets rette forstand. No heng den til tørk, men snakk ikkje for høgt om det,men vi kjem nok til å ha klar kalde poteter framover.
lørdag 25. april 2009
søndag 22. mars 2009
verdier
verdier
verdier
TRUDE PÅ TINGET.
verdier var også eit hovudtema på Krf iSogn og Fjordane sitt årsmøte laurdag. 1. kandidaten Trude Brosvik hadde eit sterkt foredrag om kvifor det no er viktigare enn nokon gong å stemme Krf.
Verdiane har smuldra bort under den sittande regjering. dei vil til livs frivillege org. privatskuler,kontantstøtta som gjev familien valgfriheit, bordvers i barnehagen, kristendom undervisning i skulen og på lærarskulen ,m m.
Nei dette går ikkje lenger: UT med Bård Vegard Solhjell og SV og INN med Trude og Krf.
søndag 15. mars 2009
frukostnisje
med medbrakt frukost stilte damene opp i morgenkåpe og ruller i håret når Maria fylte 75 år det vart fullklaff og vi har allereide fått fleire oppdrag. det er omågjere å finne seg ein nisje ,ikkje minst i desse tider.....
søndag 1. mars 2009
Hus reis deg....
Hus reis deg kan ein nok få lyst å seie iblant når ein skal bygge hus på fritida. Men det går fort framover og oppover likevel.
Det blir eit spennande hus og utradisjonelt . Gull på 5 mila i dag, eg syns gullmedaljen bleikna i samanlikning med husbyggjaren sin prestasjon,
for ikkje å snakke om medaljens bakside.........
Lukke til med neste byggetrinn til dagens helt Torbjørn.
Det blir eit spennande hus og utradisjonelt . Gull på 5 mila i dag, eg syns gullmedaljen bleikna i samanlikning med husbyggjaren sin prestasjon,
for ikkje å snakke om medaljens bakside.........
Lukke til med neste byggetrinn til dagens helt Torbjørn.
mandag 9. februar 2009
på Mosseshov

ja takka vere eit av våre nye vidunder datamaskina med div.tilbehør skulle laurdagskvelden vere redda m h t underholdning.
Som om ikkje det var nok stilte vi med heimelaga pizza, frukt og sjololade,
ja vi hadde tilogmed sprett på flaska med Hyllebærsaft som vi fekk av naboen til jul og som vi hadde spart til ei heilt spesiell anledning, snakk om helaften. Når to av deltakrane var av våre eigne tykte vi at vi var storheldige som skulle få nyte dette heime i vår eiga stove.
Alt klart i god tid, her skulle ikkje vi kome somlande inn i salen etter at alle hadde sett seg,vi ville ha med alt.
Så var det dette tekniske vidunder då, bilde var så bra, men så var det lyden då.Den var der altså ikkje og etter telefon til både eine og hin, skrudd på alt som tenkjast kan innsåg vi at pizzaen var til å kolne.
Vi måtte nok nyte det i stillheit,men vi fekk no sett dei to, såg tilogmed at Håvard var så fin på håret.
No håper vi berre at feilen låg i Moss og ikkje her heime, vi har hatt nok nederlag i dataverdenen.
mandag 5. januar 2009
Så er vi i full gang med år 2009,etterkvart slutter vi og seie "Godt Nyttår", det har rett og slett blitt for gamalt til at vi kan kalle det nytt etter berre ei veke. Slik er det med ting vi anskaffa oss og ,det er ikkje lenge det er nytt, likevel det kan vere nyttig og det er noko heilt anna.
Etter jule og nyårsfeiring med ganske fullt hus er det no merkverdig stilt i huset. Husbonden slapper av med årets bokjulegåve, nyt snøen som endeleg er komen, antan til skigåing eller til å bruke snømåka på.
Eg starta med rydding i Gjenbruksbutikken. Vi oppdager stadig at det er mange fordeler med
denslags butikk, berre tenk på "vareteljinga "som vi slepp ved årets start ,likeeins bestilling av varer. Dei kjem på døra og det er mange aktene når vi plutseleg lyt finne plass til ein stor salong og plassen er oppteken både av skap og skatoll.
Julehandelen var upåklageleg,likeeins trivselen i butikken. Kaffien og julekakene gjekk unna og mange av kvardagens problemer høyrdest ut til å finne si løysing i ei pratestund.
Utstillinga av Julekrybbe, som var nytt av året, var det positiv respons på , der var det stille og fredeleg i all førjulsstøyen.
No utvider vi lokala og snur oss meir mot elva Jølstra. Med ny gangveg, og ein minikafe trur vi at endå fleire vil oppdage den innhaldsrike og trivelege butikken ved "elvebredden".
Godt nyttår med godt brukt frå Gjenbruksbutikken !
Abonner på:
Innlegg (Atom)
