mandag 10. september 2007

Tytebær og valg


I år kan ein jamen med rette synge "Tytebæret oppå tuva". Etter og fått med prostens ord om å takke gjekk vegen i bærskog. Det var ein sann fornøyelse sjølv om eg var kliss våt , som den evige opptimist let eg regnkleda vere heime, altså ikkje berre positivt med å vere positiv.. er konklusjonen. Bøygd over den raude ,bugnande bærtuva følte eg ei sterk trong til å takke , ikkje berre for bæra men og for at eg var istand til å plokke dei. Kom til å tenkje på mitt nyttårsynskje for eitpar år sia, det var nemleg ar dei fire borna våre måtte bli glade i å plokke bær for å lage saft og syltetøy. Eg håper framleis.....det er no retteleg kjekt å dele ut av vårt overfylte lager og.....


Så var det dette valet då. Eg har litt vanskeleg for å forstå dei som synest det er så vanskeleg å bestemme seg, hadde dei no berre teke imot hjelp, skulle så gladeleg bestemt for dei eg.

Her eg set og får med resultata frå fjern og nær slår det meg at det nok er mange som ikkje veit sitt eige beste og at utakk framleis er verdens lønn, og då så må det bli som det vart.

Det undrar meg at ikkje fleire unge ser sitt samfundsansvar og stiller til valg, kansje er det forlite å kjempe for, det trengs iallefall kamp skal vi ta vare på verdier for neste generasjoner.

Eg stemte iallefall rett i år og ......

1 kommentar:

Øyvind sa...

Bra og sjå at du er på nett igjen og positiv som alltid! Hadde for så vidt store ambisjonar om å plukke litt bær men det vart for mykje på for kort tid så bæra let ikkje vente på seg. Ser fram til fleire haustinnlegg!
Ø