onsdag 26. september 2007

Frå plomeslang til Burma

Det var lovleg denne gangen ,vi forsynte oss rikeleg av plomer som sto klar for bakkefall. nydelege som berre plomer frå Utvik kan vere . det er utruleg kva ein kan sette til livs av slik frukt, dei forsvinn berre ei etter ei. Å ta noko frå andre var i min ungdom heilt uhørt, men plomeslang var i en kategori for seg. Det var mørkt om kvelden når plomene var på det beste og vi visste kor dei beste plomene var. Ikkje alle turde å ta ,men dei åt minst like mykje som dei modige " tjuvane", ja eg skriv det i hermetegn for vi rekna med at nokre av desse vart hengande att når innhaustinga var slutt. Ja vi har så mange unnskyldninger , både for plomeslang og anna.
I kveld fekk eg ikkje sett nyheitene og var spent på kor utviklinga var i Burma .Nettavisa har vel dette som sitt store oppslag tenkte eg , men tydelegvis er ikkje alle opptekne av det same som eg. Stort bilde av fotballtreneren til Stabekk: Han snakker skit, og var kraftig provosert, sto der. Ja , provosert det blir eg og av alt fotballstoff som etter mi meining tek overhand, og her er det jammen ikkje hjelp i å prate skit.
Det blit uansett bagateller å bli provosert av når vi ser frustrasjonen i Burma og at Aung San Suu Kyi sine tilhengere som kjemper for demonkrati igjen demonstrerer med livet som innsats.Lat oss både i kveldsbøn og morgonbøn be om ei fredeleg løysing og at folket må få eit demokratisk styre.

Ingen kommentarer: