mandag 31. mars 2008

liten stor størst







Denne veka tok barnebarn nr 10 sine første steg, heime i stova men og ut i den vide verda, vel uvitande om alt som rører seg der ute. Ein herleg plugg på overnatting med storebror på 4 og fetter på7 som var nyklipt for anledningen, han tok nemlig saksa i sin egen hånd i mangel på foreldrenes nedprioritering av tid til å gå til frisør. Ein skulle ein tru desse tre endevende heile huset, men legoen tok styringa, ein fantastisk oppfinnelse som hjelper borna til å finne ein fantasiverden og stetter skapertrangen. Ettåringer i våre dager set såvisst ikkje i leikegrind så her er det berre og brette opp armane og ta på seg joggesko. Men OleBrumm roa det heile ned før sengetid.

Godt med ei kusine som trass sin deby i reklamebransjen ( sprang over Langebrua ilag med 199 andre jenter) gjerne tok ein trilletur og besten som gjekk med dei to andre på Kletten, nesten "Kilimanjaro" iallefall for 4 åringer. Dei er ikkje for katten mine barnebarn sjønner du, 7 åringen tok svømmeknappen i helga, det er 1000 meter det.

Vi avrunda helga med bursdagsselskap for 16 åringen som no er snart like høg som besten og kan starte lærekøyring, det er store ting, og vi seier lukke til og køyr forsiktig.
Så er helga over, att står fly, biler og båter i lego flott utstillt. Vi sig ned i kvar sin stol og lurer på om ein kan få abstinens av plutseleg ro..... Kven veit? Takk for ei fin helg !



Ingen kommentarer: