mandag 22. oktober 2007

Gjenbruk er inn.




I dag starta "Tekstilveka" i Gjenbruksbutikken vår, og det var pangstart. Ein halv time før butikken åpna var det køtendenser, tilogmed frå Nordfjord kom kunder som såg seg bruk i "nye" gamle duker. Butikken vrimla av folk i fleire timer og mange kom berande med armane fulle så du kunne tru dei hadde vore på klesnora og teke inn klær. Handbroderte duker gjekk sjølvsagt fyrst og ingen kikka på prisen, noko som heller ikkje var grunn til. Så billege varer med god kvalitet er ikkje kvardagskost sjølv på byens torg.


Kaffi og vafler gjekk unna for unna og praten gjekk livleg i "kaffikroken"vår.


Som butikkleiar var det ekstra kjekt i dag. Ideen med Tekstilveke vart nemleg møtt med stor skepsis då forslaget kom. Stemninga snudde litt etterkvart og utover dagen høyrde eg berre at dette var ein god ide. Vi er ofte redde for nye ting, den gamle tralten er så trygg så trygg, og til eldre vi blir desto verre og hive seg utpå.


Gjenbruk er inn og kaste er ut, idag var tre karer i sving og demonterte ein stor konteiner som skal plasserast på bosplassen til møbler som er for gode til å kaste.




Snakk om å hive seg utpå, men det har foreningsdamene i Hornnes Misjonsforening og gjordt.


Med utkledning og sang laga dei tablå og var i dag på Helsetunet og underheldt . Sprekt gjordt, fleire av dei er over 80 år , alder er ingen hindring når viljen og motet er der.


Summasumrum har det vore ein aktiv dag , godt og kome heim til ferdig middag, etter avtale med husbonden vert det slik denne veka. Spanande kva menyen vert i mora. God veke !

Ingen kommentarer: