fredag 27. juni 2008

Natt i bokbyen


Eit lite eventyr for seg sjølv er det med ei natt med bøker m m . i Bokbyen Fjærland.

Gjenbruksbutikken stilte sjølvsagt opp, og i år hadde vi to stander, vi hadde både bøker og handarbeidde varer i ymse matrialer. Vi hadde tilogmed bjørn til salgs,sjølvsagt var det tro kopi av bjørnen som nett var felt, nettopp i Fjærland.

Det er fantastisk at ein kan samle så mykje bøker i ein by,inst i ein av våre fjorder og attpåtil så kjem det mykje folk for å kjøpe bøker ei slik natt og ellers utover sommaren, Det har blitt ein turistatraksjon i den vesle ,men så innhaldsrike bygda på fleire måtar.

Sjølv om regnet sila ned var humøret på topp, vi hadde tak over hovudet og det vart tent lys etterkvart som det vart litt skumring, men det var på sommarens lysaste og lengste natt.

Det dufta nysteikte vafler, kaffikoking og grillmat og med sang, musikk og opplesing vart det ein fulltreffer.

Vi takker for godt salg og for ei triveleg natt, fast bestemte på at her vil vi vere med neste boknatt og.

Bjørnen vart sjølvsagt kjøpt av ein frå Fjærland, og var ein kuroisitet i vårt vareutvalg denna gangen.

Ingen kommentarer: