mandag 9. juni 2008

Ålfoten




Ålfoten har eg altid hatt eit begrep om. Besten hadde eit syskinbarn der som heitte Anders slik som besten. Dei hadde god kontakt desse to Andersane som var dobbeltsyskinbarn. Far hadde også mykje kontakt til Ålfoten, men det galt kraftutbygginga av Yksneelvane.
Søndag fekk eg sjå med eigne auge den gigantiske utbygginga som har vore til stor glede for hjelp for utviklinga av Sogn og Fjordane, ikkje minst den industrien som har hatt bruk for store mengder kraft. Vil anbefale dei som ikkje har vore der til å ta turen, ny fin veg, langt inn i den sereigne fjellheimen. Vegen vert snart avstengd for fri ferdsel.

Vertskapet Kari og Martines Vik, skuffa ikkje, servering av kaffi og kaker til fjells og rømmegraut nede i Vik, som er ei av perlene i Nordfjord.
Vi takker for ei flott oppleving.

Ingen kommentarer: