onsdag 14. mai 2008

8. mai Friheit og Fred


Vi har mange flaggdager i mai og flagget skaper liksom ein heilskap ilag med snø i fjella og den nysprette bjørka, det er vidunderleg vakkert......

8.Mai er offisiell flaggdag og sjølvsagt skal flagget til topps danne dagen. Presis kl 8 nådde flagget toppen i flaggstanga , og akkurat då kom sola fram over kanten på fjellet. det var ein flott opplevelse ,ei høgtidstund. Dette må vere symbolet på friheit og fred, tenkte eg.

Fyllt av takk til Gud fordi eg bur på ein slik stad i eit land som Norge gjekk eg inn til ein god frukost mens radioen meddelte siste hendelser frå Burma.

Lat vi ikkje gløyme dei og andre rundt om i verda som nesten ikkje aner kva friheit er. Lat vi villeg dele av vår friheit til dei som kjem her.

Ingen kommentarer: