onsdag 14. mai 2008

Pinsetur.





Pinsaftan gjekk turen til Nordfjord. Veret kunne ikkje bli bedre og første stopp var som vanleg kafeen på Breim, det vart ein koseleg prat med Sølvi og fam.

I Utvik venta 2 flaggstenger som skulle opp til Pinse og Kjell avslutta to dagrs rep. på båten som skulle vere klar til Naustmessa 2. pinsdag. Kirstan og eg var ein tur og planta på kyrkjegarden, der er så fint kring Utvikekyrkja, vi var litt seint ute og klokkene ringde helga inn heile den timen vi var der , så var det helg.

Pinsdag gjekk turen til Oldedalen, Rolv tok med brødrene Oddvin og Alv. Solbjørg var heime og med litt meir slekt var vi 14 stk til kaffi i stova på Yri. Til forandring var vert litt grått, men litt vete kom godt med no.

2. pinsdag er den store kyrkjedagen på Nordsida og båtane kom frå både aust, vest og sør. Nedetter liene rønde det med folk på kyrkjeveg. 299 vart talt opp og som fekk med seg den fine og friske gudstenesta , koret stormklang frå Raudeberg var på "Blåtur" og sang så det ljoma oppetter liene. Speidarane frå Stryn hadde overnatta og deltok med sang og helste med "Alltid beredt". Ein må berre bli styrka i trua ette ei slik oppleving.

I fjæresteinane fann vi "stoler" og" bord" , og brødskivene gjekk "ned på høgkant".
Det var no tid for å prate med gamle kjenninger, like kjekt kvart år.
Om pinsa var tidleg i år var badarane like tidleg ute, kan ikkje seie det frista , men det er vel alderen.....
legg merke til bårføreren......
Takker for ei God Pinse, for gode pratestunder med familie og vener , ikkje minst med mor .

Ingen kommentarer: