mandag 19. mai 2008

Grunnlovsdagen












17. Mai. Den store festdagen for både små og store. Det vart det i år og, iallefall på våre kanter ,der sola skein og regnet uteblei.






Grunnlova, det ligg i navnet, ei lov som ligg i grunnen, under alle lovene ligg den og andre lover skal vere i tråd med den. Det er alvor på ferde om noko skal endrast der, vi må vere på vakt og verne om denne verdifulle lova.









Grønt har vi oftast hatt det 17. mai, men så " grønt" som i år har vel få sett det nkon gang.
17. mai er veldig tradisjonell, frå fyrst til sist, men det er ikkje det same som kjedeleg. I år som i fjor gjekk komiteen fyrst med lensmann i spissen, han var forresten ny av året, så kom skulemusikken m/ drill. Hvis nokon skal seiast dagens helt om må det vel vere dei som speler på 17. Mai , dei gjev oss den flotte stemninga som vi kjenner att frå år til år.Tusen takk!
Dagen var fullpakka med arr. og med folk , men ein av dei finaste tradisjonane ,som har kome i seinare tid ,er konserten og avslutnina på dagen i kyrkja. Den er i høgste grad verdig nasjonaldagen vår.

Så får vi tru alle er vel nøgde: Andreas som fekk gullmedalje, Lasse og Mats som hjelpte oss og halde takta, Kamilla som drilla, Frida som sang,Marius som spela både her og der, Steinar og Øyvind som sang, Anne som gjekk føre musikken med den nye fana og alle vi andre som fekk sjå og høyre mykje fint og rope HURRA frå sidelinja.

Eg ropte no: Hurra for russen og eg! Hjarteleg takk for 17. Mai 2008

Ingen kommentarer: