torsdag 1. mai 2008

Konfirmasjon/ musikkfest

farmor og mormor
den nybakte køgemester
legg merke til puta på stolen, det er far si bunadjakke.......

Ja det heng godt ihop, konfirmasjon og familie, slik er det vel for dei fleste, men ikkje alle er vel så heldige at 4 generasjoner er samla.



Det er så kjekt når familien kjem ilag og alle speler på sine strenger, bokstaveleg tala i vår familie. Det vart reine musikkfesten, og det har etterkvart blitt ein selvfølge at dei stiller med det dei vil underholde med. det er så godt å sjå kor sjølvsikre dei er og kva glede dei har av og meddele oss andre kva dei kan.
Kjekt er det og å sjå at den yngre garde etterkvart mestrer dei vaksne sine oppgåver og denne gangen var storebror Fredrik kjømeister,noko han kombinerte godt med underholdning.

Vi kosa oss frå fyrst til sist oldemor iberekna som sa når ho takka for seg at: "det er omogjera å bruk dei talent ein har får tildelt, det gjorde eg og med mykje sang."
Vi takker for ein flott fest og aller mest takk for at det var konfirmasjon i kyrkja.



1 kommentar:

Øyvind sa...

Legg merke til at Fredrik har balla saman bunadsjakka mi og sett seg på den ved pianoet. Ja vist er det bra at den nye generasjonen er på plass med sin veremåte...
Ø