lørdag 8. mars 2008

8 mars.

så er det 8.mars igjen. Kvinnedagen og fødselsdag for dei som er så heldige og vera født på den dagen. Ifølge mor mi var det bitande kaldt og hålkeføre då eg kom til verda. Vatnet var frose og far måtte bere vatn lange veie og nesten bere jordmora på plass. Ja eg kom no til verda intetanande om alt styret for å hjelpe meg fram i levande live. Krig var det og så familien min var flytta frå Osøyro og til Lonen til bestemor, tyskarane skulle ha leilegheita i banken. Eg ante ingen ting eg....

I år er det 67 år sidan og eg er visst ifølge norsk lov blitt pensjonist,det skal visst vere travelt har eg høyrt.eg trudde pen sto for pen og sjonist var ein flott tittel. Det er lov og ta feil.

8 mars vart i år og markert i Førde , det har blitt to typer feiring av dagen. Eg var som vanleg på den solidariske der vi har eit perspektiv utover landegrensene og dei kriseråka her heime.

Tradisjonen tru fortalde eg om prosjektet frå India som vi har støtta i 11 år. Min bursdag gjekk ikkje upakta hen og heile forsamlinga reiste seg og sang hurra for deg. Ja Hurra for meg, det seier eg og. Set inn bilde av meg sjølv og syns at eg er ein ganske pen Sjonist.

1 kommentar:

Torunn sa...

Gratulerer med overstått dag kjære svigermor!Synd eg ikkje fekk være med å feire deg!Du skal vete eg er stolt av å ha ei svigermor som er så aktiv.Du er heldig som kan det,men mest handla det vel om vilje til å gjere det ein brenn for.Du har tid til det meste,og ingen ting er noko problem for deg.Du er ein utruleg opptimist,som vi har masse å lære av.Du held deg godt!PEN....(er du)...og no ....sjonisten..Hipp hurra for deg!