fredag 7. mars 2008

kvinner i bøn

I dag var det Kvinnenes sin internasjonale bønedag.
Eg har hatt gleda av å vere med på arr. sidan vi budde i Årdal, der Ingeborg Myklebust samla kvinnene denne dagen.
Starten til denne dagen var i USA i 1887 då kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag, her i landet kom vi med i 1920 åra.
Det er som ein stafett og oppmodinga til bøneemne og tekst for dagen kom i år frå Guyana.
Vi får litt orientering om kor kvinnene har det i det landet som sender oppmodinga, vi les bileltekstane , har ei kort andakt, vi syng og har ei lang bønestund. Det er fantastisk og vete at i dag er kvinner kringom i verda samla i bøn, til den same Gud.
Når vi høyrer om kvinnene sine levekår i Guyana, der dei ikkje fekk stemmerett før i 1953 , må vi vere takknemlege for kor vi har det her i landet.
Vi var nokre få samla på Bedehuset i Førde på føremiddag, men samla sett kring i Norge var det nok mange kvinner samla på den Internasjonale bønedagen.

Ingen kommentarer: