onsdag 12. mars 2008

Potetkaker m m


Pensjonisttreff i Utvik er så kjekt og vere med på. Denne veka skulle dei vere på den nyresraurerte "Brubakk" , eit hus frå 19 20 åra. Kjelleren er ein opplevelse for seg sjølv ,med ein komfyr med steikeovn og ein med stor helle til å steike på.

Med god fyr i ovnane var der varmt og godt og med lukta av nysteikte potetkaker vart det god stemning i dei gamle kjellerromma. Praten gjekk livleg mens dei smakte på baksten og kakene var go dei sjølv om nokre var litt mørke i fargen, det skuldast at hverken Dagfrid eller eg kunne å fyre passeleg.

28 stk var samla i dei to stovene som er tilbake i den stil som passer til den årgang hus. Mor var sjølvsagt med og ho sang med.

Dei fekk sjå den nye veska mi og det høyrdest ut til at den fall i smak. den er iallefall uhyre praktisk. Litt nyanskaffelse må til skal eg fortsatt vere ein pen Sjonist.

1 kommentar:

Øyvind sa...

Her hadde det vore meir enn ønskjeleg med eit bilde av den nye veska!
Øyvind