tirsdag 25. mars 2008

Vel overstått påske !




Snø her og snø der, men påska er den same ,iallefall innhaldet.
I mangel på påskegjester snudde vi i år på flisa og var påskegjester sjølve. Framkomstmiddel var buss som såvisst ikke er å forakte. Komfortabel, presis, rimeleg og triveleg, då kan ein ikkje meir forlange. Med medbrakt niste med egg og sild, litt frukt
og snop vart det reine luksusreisa.
Moss var reisemålet som vi ankom presis trass tjukt snøver heile vegen, men ka gjere vel det når vi får varm velkomst ,ikkje minst av små barnearmer om halsen.
Og påske er såvisst ikkje berre sol og snø. Eit besøk på teknisk museum var ein fin opplevelse skjønt eg måtte slå fast at mykje som hadde vore i bruk i min kvardag i livet no var på museum...... Ikkje rart at ein av og til føler seg gamaldags og somme tider som ein fosil. Men får tru vi og vert meir og meir verdifulle med åra , ja kansje til og med verneverdige, slik som det vi såg på museet. Det er nok derfor dei eldre vert samla på ein stad, det er eldremuseum, men det ser ikkje nett slik ut i dagens presse med omtale av dei eldre sine levekår.
Påska sitt høgdapunkt var gudstenese i Moss kyrkje,der vi i mektige ord og toner igjen fekk høyre om den vidunderlege påskemorgen.

Så er vi klar for ein ny kvardag og ein ny vår og takker for fine dager med familien vår i sør.
Ikkje minst takk for den fine musikken

Ingen kommentarer: