søndag 16. mars 2008

PÅSKEGJESTER


Det er ikkje så mange døgn vi har fått bestilling på i påska i år, kunn 2 stk overnatting m/frukost.
Folk må ha for god råd for det er no så billeg, ja faktisk gratis.
Vi var igrunn advarte mot å ta imot desse p g a uro om natta men det må vere dei som har hatt dei før som har vore urolege.
Skal inrømme at dei var noko nærgåande i både spisesal og kjøkkenskuffer etter frukost og vertinna måte stille opp med kulturelle innslag, både opplesing, sang og musikkstykke på diverse instrument. hadde vi visst om dette på førehand hadde nok prisen vore ein annan.
Verten hadde uheldigvis melt seg på eit skikurs for unge, spreke skiløparar nett denne dagen.
Det var med tungt hjerte han gjekk frå vertinna åleine med dei to gjestene for så å kome heim kvelden blåslegen på baken og med stykke slått ut av ei tann.
"Du skal ikkje fortelje meg at det har gått så uskuldig føre seg på det kurset", sa vertinna, dyrt var det og.
Ja ja vi har berre passert palmesunndag , snøen laver ned og det er fin påskestemning.
Vi seier takk til dei to påskegjestane våre ,to herlege hjerteknusarar, velkomne att, både dei og de andre. prisen er som før.
God Påske!

Ingen kommentarer: