onsdag 5. mars 2008

Reint og rein fru blom


På tur til Utvik i går ,over fjellet på eit heller glatt snøføre, sto dei der. Over 30 reinsdyr på vegkanten og nokre få prøvde seg på vegbana. Med fotoapp. for hand rakk eg jamen og ta bilde, dyra rikka seg ikkje så eg såg nok ganske ufarleg ut.

Vi var i gravferd til ein kjær slektning, trass det tiste så var det kjekt og treffe mange av slektningane "vi burde treffast om det ikkje var gravferd", var det fleire som sa. Så gjenstår det og sjå om vi får til det då.....

Vi overnatta" opp onde Reina ", som min barndomsheim gjekk for i daglegtale. Det er altid kjekt og kome der, og i dag kunne vi sjå utover ei heilt "rein" bygd, så kvitt og fint og fredaleg.

Men vi var gla då vi var vel over fjellet att for i dag var det tendenser til snøstorm ( iallefall kuling) Reinsdyra var ikkje å sjå, vi var nok ekstra heldige i går.

Ingen kommentarer: